Austrheim kommune Arkivplan for Austrheim kommune Arkivplanen gjev bindande retningsliner for behandling av all informasjon og dokumentasjon i kommunen. Arkivlova med forskrifter ligg til grunn for retningslinene. Arkivplanen skal sikre at nn kommune ivaretar arkivansvaret sitt etter arkivlovas § 6: Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vere ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid. Oppdatering av arkivplanen Oppdatering av arkivplanen skal skje når: • ei kommunal eining opprettar eit nytt arkiv eller arkivdel • det blir tatt i bruk ny arkivnøkkel • ei kommunal eining tar i bruk eit nytt datasystem for lagring av informasjon • kommunale einingar blir lagt ned eller oppretta • det blir oppretta eller lagt ned styre eller utval • det blir gjort vesentlege endringar i kommunens delegasjonsreglement • kommunale oppgåver blir overført til verksemder utanfor kommunen Arkivansvarleg avgjer om det er behov for oppdatering av arkivplanen når • det bli tatt i bruk ny versjon av arkivnøkkel • det bli tatt i bruk nye versjonar av datasystem for lagring av informasjon Arkivansvarleg skal ha melding om alle endringar med moglege følgjer for arkivet i god tid før dei blir sett i verk og har rett til å uttale seg om dei følgjene dei kan få for arkivet. Rådmannen har arkivansvaret I kommunen er det rådmannen som har arkivansvaret. Som rådmann i Austrheim kommune oppmodar eg alle medarbeidarar om å setja seg godt inn i og følgja retningslinene i arkivplanen. Austrheim kommune 2014 rådmann
|