Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Velkommen til Austrheim

kommunevaapen

Opne landskap - ope sinn

Velkomen til Austrheim

Austrheim kommune er ein vekstkommune som ligg sentralt plassert på kysten midt i Vestland fylke. Kommunen har i underkant av 3000 innbyggjarar fordelt på 56 km2. Dette gir oss ein effektiv kommune med korte avstandar til det meste.

Austrheim er ein av to vertskommunar til Mongstad næringsområde, eit internasjonalt industriområde med oljeraffineri, forsyningsbase, råoljeterminal, anlegg for gassprosessering, CO2-senter og mange store service- og leverandørverksemder til olje- og gassnæringa. På andre sida av Fensfjorden, ein tjue minuttars ferjetur frå Austrheim, er det også store næringsareal med eit blomstrande og allsidig næringsliv. Fensfjorden er ein av dei mest trafikkerte hamnene i landet. SSB sine berekningar viser at Austrheim er den kommunen i Vestland fylke som vil ha størst prosentvis vekst i folketalet fram mot 2050.

Austrheim har eit tett og godt samarbeid med andre kommunar og næringsaktørar i området om næringsutviklinga i Fensfjord-bassenget og i regionen. Den maritime næringa har lenge vore ei viktig næring for oss og me har framleis ei stor maritim næring i kommunen. Reiselivsnæringa i kommunen er inne i ei spennande utvikling og med kortare reisetid til Bergen og kommunen som eit trafikalt knutepunkt i regionen, har denne næringa eit stort potensiale for ytterlegare vekst.

Austrheim er ein hav- og kystkommune og består av 489 øyar, holmar og skjer. Bruer knyter kommunen saman og ringvegen i Nordhordland går gjennom Austrheim. To ferjesamband knyter Austrheim til kommunane Fedje og Gulen og det går hurtigbåt frå Vardetangen til Bergen, Sogn og Nordfjord.

Austrheim kommunen er ein del av regionen Nordhordland. Kommunesenteret ligg vel ein time frå Bergen sentrum. Ny veg over Radøy vil frå 2024 redusera reisetida frå kommunesenteret til regionsenteret i Knarvik og til Bergen. Det er gode jobbmoglegheiter i regionen og kommunen hjelper gjerne til med å skaffa både jobb og bustad. I kommunen er det god tilgang på regulerte områder for både bustadbygging og næringsaktivitet. Full barnehagedekning og gode kommunale tenester er noko av det som møter deg dersom du flyttar til oss. I kommunen har me to kommunale barnehagar, ein barneskule, ein barne- og ungdomsskule og ein vidaregåande skule. Ved idrettshallen har den kommunale ungdomsklubben sitt eige Ungdommens Hus og idrettslaget har klubbhuset sitt ved det kommunale idrettsanlegget.

I Austrheim kommune har me ein stor og aktiv frivillig sektor som gir mange gode og varierte fritidstilbod til folk i alle aldrar. Kommunen er eit eldorado for aktivitetar knytt til kyst og hav som til dømes båtliv, fiske, kajakkpadling og dykking.

Kommunevåpenet er frå 1989 og viser tre bøygde bjelkar på blå botn, der bjelkane symboliserer bruene som bind kommunen saman, og dei blå felta symboliserer himmelen over og havet under bruene. Dei største øyane i kommunen er i dag knytt saman og til fastlandet med 15 større og mindre bruer.

Austrheim er eit gamalt kulturområde der dei første innbyggjarane slo seg ned ved den fiskerike Fosnstraumen for meir enn 10 000 år sidan. Her ligg det fleire buplassar frå steinalderen.  I kommunen møter du motsetnadane mellom det nye og det gamle gjennom vandring på historiske kulturstiar og oljeanlegga på Mongstad som kontrast. Det vestlegaste fastlandspunktet i Norge, Vardetangen, ligg i Austrheim.

Austrheim er ein del av Nordhordland Unesco Biosfæreområde, det einaste biosfæreområdet i landet. Området strekkjer seg frå Troll-feltet i vest til Stølsheimen i aust. Målet med biosfæreområdet er å bidra til ei berekraftig nærings- og samfunnsutvikling i regionen i tråd med FN sine 17 berekraftsmål.

Strilelandet er vilt og vestleg, og her er nok plass for dei som søkjer frisk luft, urørt natur, eit aktivt nærmiljø, godt utbygde kommunale tenester og eit moderne næringsliv. Her slepp du å stå i timelange bilkøar for å kome til interessante og attraktive arbeidsplassar.  

Tiriltunge - Lotus corniculatus vart i 1998 plukka ut til Austrheim sin kommuneplante.
Les meir om kommunen på http://no.wikipedia.org/wiki/Austrheim

Laster...