Utskriftsvennlig versjon

Velkommen til Austrheim

Opne landskap - ope sinn

Velkomen til Austrheim

Austrheim kommune er ein vekstkommune som ligg nord i Hordaland med i underkant av 3000 innbyggarar. Kommunen er ein av vertskommunane til Mongstad, eit internasjonalt industriområde med oljeraffineri, forsyningsbase, petroleumsindustri og CO2-senter.

Austrheim har eit tett samarbeid med Lindås kommune om utvikling på Mongstad. Kommunen er også vertskap for ei stor maritim næring.Austrheim er ein hav- og kystkommune og består av 489 øyar, holmar og skjer. Bruer knyter kommunen saman og ringvegen i Nordhordland går gjennom Austrheim. Kommunen er eit eldorado for aktivitetar knytt til kyst og hav, og den årlege Havsportveka i august er blitt eit omfattande arrangement som trekkjer folk frå inn- og utland. Austrheim kommune er ein del av regionen Nordhordland. Kommunesenteret ligg vel ein time frå Bergen sentrum. Det er gode jobbmuligheiter i Nordhordlandsregionen, og vi hjelper til med å skaffe jobb for to! Full barnehagedekning og gode tenester er noko av det som møter deg viss du flyttar til oss.

Kommunevåpenet er frå 1989 og viser tre bøygde bjelkar på blå botn, der bjelkane symboliserer bruene som bind kommunen saman, og dei blå felta symboliserer himmelen over og havet under bruene.Austrheim er eit gamalt kulturområde med ein særs fin kyst. I dag er landskapet bunde saman av 13 større og mindre bruer.

I kommunen møter du motsetnadene mellom det nye og det gamle gjennom vandring på historiske kulturstiar og oljeanlegget på Mongstad som kontrast.
Det vestlegaste fastlandspunktet i Noreg, Vardetangen, ligg i Austrheim. Sjå www.vardetangen.no

Langs den fiskerike Fosnstraumen ligg det ei rad med buplassar frå steinalderen.
Strilelandet er vilt og vestleg, og her er nok av plass for dei som søkjer frisk luft, urørt natur, eit aktiv nærmiljø, godt utbygd kommunale tenester, og eit moderne næringsliv.

Tiriltunge - Lotus corniculatus vart i 1998 plukka ut til Austrheim sin kommuneplante.
Les meir om kommunen på http://no.wikipedia.org/wiki/Austrheim

Laster...