Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

Austrheim kommune 2018-

Bakgrunn

Jf. arkivforskrifta §4 skal: «alle offentlege organ til kvar tid ha ein ajourført arkivplan som viser kva arkivet omfattar og korleis det er organisert. Arkivplanen skal og vise kva slags instruksar, reglar, planar mv. som gjeld for arkivarbeidet». I riksarkivarens forskrift § 1-1 om arkivplan er det skildra eit minste krav til arkivplanen sitt innhald.

Den øvste leiinga i organet må sjå til at arkivarbeidet blir omfatta av organets internkontroll, jf. arkivforskrifta §4. I Austrheim kommune er dette ein del av det ansvaret som er lagt til administrasjonssjefen (rådmannen) etter kommunelova § 23 nr. 2 andre punktum.

Formål

Formålet med arkivplanen er at den skal vere Austrheim kommune sitt kvalitetssystem for arkivdanning og arkivforvalting, og såleis eit viktig internt arbeidsreiskap og styringsverktøy.

Arkivplanen gjev bindande retningsliner for handsaming av all informasjon og dokumentasjon i Austrheim kommune. Alle tilsette på servictorget og sakshandsamarar i kommunen er forplikta til å halda seg orientert om arkivplanen sitt innhald, og følgje dei retningsliner og rutinar som planen inneheld.

Eg vil som rådmann og den med det øvste arkivansvaret oppmode alle medarbeidarar  i Austrheim kommune om å setja seg godt inn i og følgja retningslinene i arkivplanen.

Austrheim kommune 2018

rådmann