Austrheim kommune

Arkivplan for Austrheim kommune

 

Austrheim kommune

Arkivplan for Austrheim kommune

Arkivplanen gjev bindande retningsliner for   behandling av all informasjon og dokumentasjon i kommunen. Arkivlova med   forskrifter ligg til grunn for retningslinene.

Arkivplanen skal sikre at nn kommune ivaretar   arkivansvaret sitt etter arkivlovas § 6:

Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse   skal vere ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som   informasjonskjelder for samtid og ettertid.

 

Oppdatering av arkivplanen

Oppdatering av arkivplanen skal skje når: •  ei kommunal eining opprettar eit nytt arkiv   eller arkivdel •  det blir tatt i bruk ny arkivnøkkel •  ei kommunal eining tar i bruk eit nytt   datasystem for lagring av informasjon •  kommunale einingar blir lagt ned eller oppretta •  det blir oppretta eller lagt ned styre eller   utval •  det blir gjort vesentlege endringar i kommunens   delegasjonsreglement •  kommunale oppgåver blir overført til verksemder   utanfor kommunen

Arkivansvarleg avgjer om det er behov for   oppdatering av arkivplanen når •  det bli tatt i bruk ny versjon av arkivnøkkel •  det bli tatt i bruk nye versjonar av datasystem   for lagring av informasjon

Arkivansvarleg skal ha melding om alle endringar   med moglege følgjer for arkivet i god tid før dei blir sett i verk og har   rett til å uttale seg om dei følgjene dei kan få for arkivet.

 

Rådmannen har arkivansvaret

I kommunen er det rådmannen som har   arkivansvaret. Som rådmann i Austrheim kommune oppmodar eg alle medarbeidarar   om å setja seg godt inn i og følgja retningslinene i arkivplanen.

 

Austrheim kommune 2014

rådmann